Billettinformasjon

Gladnyhet!

I år kan du kjøpe biletten din på nettet.
Du bestiller billett og viser denne ved uthenting av band før marknaden.

Prisar 2024

Helgepass Kr. 895,- Per person
Inngang fredag kveld og heile laurdag

Fredagspass Kr. 495,- Per person
Inngang fredag Kveld

Laurdagspass Kr. 595,- Per person
Inngang heile laurdag

Laurdagspass dagtid Kr. 200,- Per person
Inngang til dagunderholdning. Gratis for dei under 15 år.

Vi kjem med oppdatering om kva dato og kvar me vil sitte for uthenting av band når det nærmar seg arrangementet.

Aldersgrense og inngang

  • Nedre aldersgrense på konsert området er frå det året du fyller 15 år.

  • Kjøper du billett til personar som fyller 15 og opp til 99 år, går dette under kategorien; Vaksen. Dei over 99 får gratis billett.


Legitimasjon

Alle marknadsdeltakara skal ha med seg gyldig legitimasjon. Personar uten gydlig legitimasjon kjem ikkje inn på marknaden. Einaste gyldig legitimasjon er bankkort med bilde og fødselsnummer, førarkort, nasjonalt ID kort eller pass. Nødpass er dessverre ikkje gyldig.
Det er ikkje akseptert med bilde av legitimasjon, som til dømes bilde av bankkort, pass eller likande.

Kjøp billett.

Vi satse på at Aurlandsmarknad 2024 blir ein suksess, og vi forventer derfor og bli utseld for billettar. Ver derfor tidleg ute med å kjøpe billett dersom du vil sikre deg plass.

Alkohol

Ingen under 18 år får kjøpe alkohol. Dei som er over 18 år får eit eige alkoholband. Dette har ulik farge frå det ordinære inngangsbandet.
Dette alkoholbandet må synast ved betaling og utlevering av alkoholhaldige varer. Dersom dette bandet blir mista, må ein gå attende til billettstanden, legimitere seg og få påsatt nytt band. Nytt band kostar 100kr.

  • For og hindre langing til personar under 18 år, er det ingen som får kjøpe meir en to alkoholeiningar samstundes.

Overstadig rusa personar har ikkje adgang til marknadsområdet. Dersom dette blir oppdaga inne på området, blir ein bortvist og får avklipt marknadsbande sitt.

Dersom mindreårige drikk alkohol eller blir observert som rusa, blir dei bortvist frå området. Ved forsøk på langing til mindreårige blir både den mindreårige og langaren bortvist og får avklipt marknadsbande. Foreldre/føresette til den mindreårige vil bli kontakta.

Har du framleis spørsmål?

Send oss gjerne ei melding på Facebook-sida vår, eller via kontakte oss skjema, so svare me deg på det du skulle lura på!