Program

Meir informasjon og fult program kjem.

Fredag 5. juli


Ta med heile familien og nyt kvelden på Odden saman med oss. God musikk frå scena, god mat samt herleg stemning vil gjere kvelden til eit av sumarens høgdepunkt for heile gjengen. NB: Familiekvelden er ALKOHOLFRI, altså vert det ikkje sal av alkohol på arrangementet fredag.

eva weel skram.jpg

Eva Weel skram

Eva kjem til familiekvelden på Odden for å skape magisk stemning for store og små. Sogndalsjenta slapp i 2018 sitt fyrste album på norsk; Finne heim.


Laurdag 6. juli


På laurdag vert det tradisjonell marknad med underholdning på dagen, og dans på Odden på kvelden.

ole ivars.jpg

ole ivars

Tidenes norske danseband, OLE IVARS, skal spele opp til dans. Bandet rullar vidare inn i nok eit jubileumsår. Å feire 55 år som band er det ikkje mange som har gjort i Norge, om nokon i det heile tatt. Ole Ivars har gjennom sin lange karriere spelt til dans for folket med slagerar som «Nei så tjukk du har blitt» og «Kongen av campingplassen».


Longhorn.jpg

Longhorn

LONGHORN kjem til Aurlandsmarknaden og skal spele på laurdagen. Om kvelden vil dei, saman med Ole Ivars syta for at dansefoten kjem fram. Her er det mykje å gle seg til.
Longhorn er fylket sitt eldste countryband. Dei står for tradisjonell country, men går ikkje av vegen for eit breiare repertoar når tid og stad høver seg.

I 2013 gav dei ut Hometown Street, som inneheld fleire av publikumsfavorittane. Seinare gav dei ut På eigne bein, som inneheld eigne låtar med norsk tekst. Dei kallar seg glade amatørar, men musikken er slett ikkje amatørmessig. Longhorn er kjende for å skape god stemning!