Om oss

Mellom høge majestetiske fjell og djupe tronge dalar ligg Aurland idyllisk til ved fjorden, eit ferieparadis for langvegsfarande, utflytte og heimekjære. Aurland kan flagge med kjende attraksjonar som den unesco lista Nærøyfjorden, det spektakulære utsiktspunktet Stegastein, den verdsberømte Flåmsbana, geitost og mykje meir. Bygda ligg plassert ved E16 mellom aust og vest med enkel ankomst med bil/buss, med båt frå fjordane og Bergen eller tog til Flåm.

Bli med på Aurlandsmarknaden og opplev vakker natur, levande kultur og historie. Velkomen til oss!

Lurar du på kvar du kan overnatte? Ta ein titt her:

Overnatting

vangsgaarden.jpeg

Vangsgaarden Gjestgiveri

Gjestgiveriet ligg idyllisk plassert i fjordbygda Aurland, innerst i Sognefjorden. Me har teke vare på tradisjonane som strekkjer seg tilbake til 1700-talet. Me tilbyr overnatting, restaurant og eit mangfald av aktivitetar i vårt nærområde.

flåm marina.jpg

Flåm marina

Flåm ligg 7 minutts gange langs fjorden frå Flåm Stasjon

fretheim hotel 2.jpg

fretheim hotel

Med fortida som inspirasjonskjelde kan Fretheim Hotel by på tette møter med det beste av sognekulturen gjennom kortreiste smakar, spektakulær utsikt mot fjord og fjell og interiør og innretning som tar deg tilbake i tid

Lunde camping.jpeg

Lunde Camping

Lunde Camping ligg idyllisk til ved Aurlandselva i kort avstand til sentrum.