OLE IVARS

På laurdagen vert det tradisjonell marknadsfest og tidenes norske danseband, OLE IVARS, skal spele opp til dans. Bandet rullar vidare inn i nok eit jubileumsår. Å feire 55 år som band er det ikkje mange som har gjort i Norge, om nokon i det heile tatt. Ole Ivars har gjennom sin lange karriere spelt til dans for folket med slagerar som «Nei så tjukk du har blitt» og «Kongen av campingplassen».
Så no er det berre å dra fram danseskoa og gjere seg klar til Aurlandsmarknaden.

Sandra Bjørnestad